Mikroutbrot

Bilete av ein krøllformasjon nær bakken etter eit mikroutbrot.

Eit mikroutbrot («microburst») er ei lokal luftsøyle med søkkande luft som fører til eit kraftig vindkast som bles ut til alle kantar frå eit sentralt punkt på bakken. Som regel oppstår fenomenet i samband med cumulus congestus eller cumulonimbusskyer.

Uttrykket blei først definert av Tetsuya Theodore Fujita (kanskje mest kjend for å ha introdusert Fujitaskalaen for gradering av tornadoar), som ein type fallvind som skapar kraftig horisontal vind innanfor eit område på 4 km i diameter. Viss vinden dekte eit område større enn 4 km i diameter kalla Fujita det for «makroutbrot».

Ein kan skilje mellom «våte mikroutbrot», som oppstår i samband med nedbør, og «tørre mikroutbrot» som består av virga. Begge typar oppstår hovudsakleg ved at lufta blir avkjølt av nedbør, og fell raskt ned mot bakken. I tørre mikroutbrot vil nedbøren falle ned i eit lag med tørr luft under skya og fordampe. Sidan fordampinga fører til avkjøling av lufta, blir fallvinden akselerert. Når det er varm luft nær bakken vil denne lufta som regel stige, og kan då motverke fallvinden, men den søkkande lufta kan likevel nå bakken med ei viss kraft. Sidan regnet har fordampa vil ofte det einaste synlege teiknet på utbrotet vere støv som er kvervla opp av vinden.

Eit vått mikroutbrot oppstår ofte i samband med kraftig regn. Ofte når regnet og fallvinden bakken med ei slik kraft at dei spreirer seg utover og oppover og dannar ein spesiell krøllformasjon. Dei kan kanskje òg oppstå ved at den kraftige jetstraumen blir bøygd ned mot bakken i torevêr (sjå fallvind).

Mikroutbrot kan skape vind opp mot 75 m/s (270 km/t) og kanskje kraftigare.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search